Siste tur til Sommero

Roman  •  Thrillere  •  Voksne

Siste tur til Sommero

Terje Torkildsen

2023

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Mord

  • Vennskap

  • Unge menn

Dei hadde ein avtale: siste helga i sommarferien på Sommero. Berre dei tre, saman, for alltid. Til døden. Og slik blei det. Siste tur til Sommero er ein ellevill thriller om tre kompisar på hyttetur. Dei har vore bestevener sidan barndomen, likevel ender denne turen med at to av dei tar livet av den tredje. Kva var det som skjedde? Tre kompisar: To sit på andre rad, og ein ligg i kista. Ei kvit kiste omkransa av blomar i alle sommarens fargar, men dei to som sit på andre benk, ser ikkje på blomehavet. Dei ser på skoa sine. Dei krummar nakken og held seg fast i kvart sitt samanbretta A4-ark med bilete av ein smilande ung mann på framsida. Ser ikkje slik ut lenger, han som ligg oppi kista. Ser ikkje så bra ut. Det veit dei to som sit på andre rad, for dei var dei siste som såg kompisen i live. Det var faktisk dei som drap han, men det er det ingen andre som veit.

Utgaver

Kontakt

Gjesdal kommune
Ansvarlig redaktør: Bjørn Veen
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygget med Libry Content